Avtroppande ordførar Børge Haugetun innvia den nye marinaen på Rong med eit skikkeleg plask.

Tre grader i lufta var ikkje noko hinder for å testa ut den nye marinaen på Rong, ifølgje avtroppande ordførar Børge Haugetun.
Tørr og varm, ikledd tørrdrakt tok han like godt å hoppa uti føremiddagen 2. juledag.
-Marinaen er ein stad mange fleire bør oppleva, smilte Haugetun frå det våte element innanfor moloen.