Du grøne, glitrande

Dette året har eg hogge juletre på eigen tomt. Edelgran.

Eit sjølvsådd lite mirakel. Vakse opp frå eit frø som ein gong kom flygande med stormen og som fall i god jord.

Det kan verka som eit paradoks at det først er dei aller siste åra eg har kunna gleda meg over ein slik luksus. For luksus er det.

Då eg vaks opp var det langt fleire sauer enn folk på Straume, og bygda såg ut deretter. Beitemarkar, lyng og brakje dominerte mellom dei speidde husa. Skogen, den vesle som fantes, var planta. Skogen var heilag. Han var arvesølv meint for hausting i komande generasjonar.

Juletre? Ville du ha juletre, fekk du værsågod kjøpa.

50 år seinare har fleirtalet av gardbrukarane seld odelsjorda. Skogen er hoggen. I staden har vi fått blokker. Dei glitrar dei og, i desse dagar.

Jula er handelstanden si høgtid. Den tida på året der tap og underskot gjennom 11 månadar med forbrukarsamfunn skal snuast til forteneste og overskot.

I denne vår globale tidsalder er det svært mange som lever opp til evangeliet om «driving home for Christmas». Mange reiser langt. Dei interkontinentale flyrutene vart utselde tidleg i haust.

Den klamme, norske familiejula er ikkje noko for meg. På leit etter noko ekte, utan nær familie som eg er, freista eg i mange år å flykta frå jula. Ei nær sagt umoglege oppgåve, tru du meg. Englesongen ljomar frå høgtalarane, nær sagt verda over. Berre ikkje over markane i Betlehem. Der plystrar granatane.

Juletreet står for mange som det synlege symbolet på jula. Pynta med 100-via av ledlys står det og skin i mørketida. Jula er solsnu. Teikn på håp og glede og ein ny vår i emning.

Det er der edelgrana mi kjem inn. Eit sjølvsådd lite mirakel. Vakse opp frå eit frø som ein gong kom flygande med stormen og som fall i god jord. Her hos meg.

Jula er tid for filosofiske betraktningar. Under kan du lesa nokre av dei:
God Jul!
Jul i Bangkok 2013
Å flykta frå jula

Nettavisa Tunnelsyn.no ønskjer alle lesarar ei God og Fredeleg Julehelg!

Nettavisa vil verta oppdatert sporadisk gjennom jula, så klikk deg gjerne innom frå tid til annan!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.