Avgjerda om kva farge dei 13 produksjonsområda for laks, aure og regnbogeaure skal ha, vil ikkje verta avgjort før over nyttår.

Meldinga alle oppdrettarar langs Vestlandskysten frå Karmøy til Stadt har venta på i særleg spaning let venta på seg.
Fargelegginga av kystsonene i henhald til det sokalla trafikklyssystemet vil ikkje verta klar før utpå nyåret, varslar fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.
På eit møte for sjømatnæringa i Bergen i november varsla fiskeri- og sjømatministeren at han rekna med å ha klar ei avgjerd i trafikklyssystemet før jul.
Les: Reknar med avklaring i trafikklyssystemet før jul
– Vi jobbar med å fargeleggja kysten og å ta dei avgjerdene som er naudsynte for å gjennomføra konsekvensane av fargelegginga. Dette er ei stor og viktig avgjerd som kan få konsekvensar for verdiskaping og arbeidsplassar, men og for villaksen. Vi må væra sikre på at vi tek dei rette grepa, seier Nesvik.
Etter at trafikklyssystemet vart innført har vestlandskysten frå Karmøy til Stadt blitt karakterisert som raud sone.
Trafikklyssystemet skal sørga for føreseibar og bærekraftig vekst i havbruksnæringa. Landet er delt inn i tretten områder, som vert fargelagte annakvart år. Oppdrettsanlegg i raud sone vil få pålegg om å redusera produksjonsvolumet for å redusera risikoen for at villaksen skal verta påverka av lakselus frå oppdrettsfisk.