Symbolikken i det nye ordførarkjedet fyller første ordføraren i Nye Øygarden med ærefrykt.

Nyttårsafta klokka 23.30 vil første ordføraren i Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, få det nye ordførarkjedet høgtideleg overrekt av dei tre avtroppande ordførane i Fjell, Sund og Øygarden.
Overrekkinga vil verta markert med ein einkel seremoni utandørs, og avslutta med fyrverkeri ved fyrtårnet i Skogsskiftet.
Blått med emalje
Det var den lokale gullsmeden og designaren Tom Jørgensen på Straume som vann den utlyste designkonkurransen om utforminga av det nye ordførarkjedet.
Kjedet er i sølv med blå emalje. Fyrtårnet, kommunevåpenet til Nye Øygarden, prydar hovudemblemet. Motleddet bak er ein stilisert versjon av Sotrabrua.
Les: Fyrtårnet vert kommunevåpen
Symboltungt
-Det er lokalhistorisk sus over kjedet. Vala av motiv speglar djupna i kommunane sin historie, seier Jørgensen til nettavisa Tunnelsyn.no.
Ti av ledda har form som skipsskrog og har motiv henta frå den lokale historia på ein bakgrunn av emalje: Ein måse, Fjell kyrkje, tre tannhjul representerer industrien, sildetønner, spelsau, vasstårnet på Stureanlegget, Rongesundbrua og fiskar.
Motivledda vert bundne saman med ringar, og med mellomledd som symboliserer bølgjer, forklarar designaren symbolikken.
Ærefrykt

-Det er eit symboltungt kjede som fyller meg med ærefrykt over den oppgåva eg har teke på meg, seier Indrevik som såg kjedet for første gong tidlegare denne veka.
Det finst få formelle reglar for korleis eit ordførarkjede skal designast. Jørgensen er difor svært nøgd med at nemnda, med avtroppande ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i spissen, føretrakk nettopp hans design.
Noko tilpassing har det vore undervegs. At kjedet skulle vera behageleg å bera var og eit krav designaren måtte freista å finna ei løysing på.
Fantastisk
-Eit fantastisk interessant oppgåve å få lov å vera med på, seier Jørgensen. Han er utdanna smykkedesignar frå Danmark på toppen av fagutdanninga som gullsmed, og har tidlegare jobba mellom anna for Georg Jensen. Han har og hatt oppdrag for det danske kongehuset.
Lokal leverandør
-Veldig kjekt at ein lokal designar vann oppdraget. Det viser at vi på vestsida av Sotrabrua snart kan henta det aller meste frå lokale leverandørar, seier den første ordføraren i Nye Øygarden.
Vert det opp til Indrevik vil den nye kommunen nytta lokale leverandørar i den utstrekning innkjøpsreglane tillet det.
One thought on “Slik vert det nye ordførarkjedet”