«Klimakrise» for sterkt for Nye Øygarden

MDG får gehør for behovet for ei sterkare satsing på klima og klimatiltak. At vi i dag står ovanfor noko klimakrise vil kommunestyret i Nye Øygarden likevel ikkje gå med på.

Maria Thomassen (MDG) klarte ikkje overtyda Svein Bergh (SL) og Leif Fjellro (Fnb) om behovet for å erklæra klimakrise.

Klima står høgt på dagsorden i mange samanhangar om dagen. For å ta klimautfordringane på alvor har fleire norske kommunar, mellom anna Bergen, i det siste valt å erklæra klimakrise.

MDG og Maria Thomassen hadde i kommunestyret i går gjerne sett at Nye Øygarden gjorde det same.

I oljesmurte Nye Øygarden nølar vi likevel med å innføra tiltak som kan bidra til å svekka den økonomiske velstandsutviklinga.

Eit kontroversielt forslag som det er vanskeleg å stemma mot, men som vil havna på alle forsider om vi gjer det, meinte Marianne Sandahl Bjorøy (A).

-Ordlyden er for dramatisk. Vi kan ikkje skremma vettet av ungane, hevda Hogne Hole (Sp).

Forslaget fekk berre tre røyster, partiet sine eigne og frå Raudt.

Framlegget frå MDG hausta likevel ein del verbal støtte i kommunestyret. I ei ekstra votering vart det samrøystes vedteke å oversenda forslaget til utval for samfunnsutvikling til vurdering i samanhang med utarbeidinga av ein klima- og miljøplan.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.