Vil kutta i dei kommunale gebyra i Nye Øygarden.
(Saka er oppdatert.)

Til budsjettdebatten i kommunestyret i morgon føreligg det tre alternative framlegg. Noko som lovar godt for lokaldemokratiet, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Viktig brikke
I forkant av morgondagens budsjettdebatt i kommunestyret i Nye Øygarden er Maria Thomassen (MDG), Einar Jacobsen (Fnb Øygard) og Hogne Hole (Sp) samde om ein ting: Gebyra på dei offentlege tenestene bør kuttast.
Det kom fram då formannskapet fekk ei sak på bordet om gebyrregulativ for den nye kommunen.
Viktig inntekt
Gebyrinntektene er ei viktig brikke i budsjettet for Nye Øygarden.
For å harmonisera gebyrnivået dei tre kommunane i mellom, og sikra at innbetalingane frå brukarane kan dekka sjølvkost, legg kommunedirektør Rune Lid opp til ein tildels kraftig auke i gebyra for eindel av dei kommunale tenestene i Nye Øygarden.
MDG føreslår å kutta brukarbetalingane med 10 prosent, samanlikna med dagens nivå, ifølgje Maria Thomassen.
Fnb Øygard og Senterpartiet vil nøya seg med eit kutt på 4 prosent samanlikna med rådmannen si innstilling, var Einar Jacobsen (Fnb) og Hogne Hole (Sp) samde om.
Flatt kutt
Slik saka kom fram over bordet i formannskapet, framstod forslaga som eit flatt kutt i samtlege kommunale gebyr.
Spør du dei tre politikarane om detaljar, vert saka meir nyansert.
MDG kalkulerer det årlege inntektstapet av ein reduksjon i brukarbetalingane på 10 prosent samanlikna med dagens nivå til å utgjera 10 millionar kroner. Inntektstapet skal mellom anna hentast inn ved å innføra eigedomsskatt på bustad, fritidsbustadar og næring.
Plan, bygg og oppmåling
Senterpartiet og Fnb Øygard er først og framst opptekne av å få redusert gebyra for plan-, byggjesak og oppmåling.
-Skal ein ha levande bygder, må innbyggane ha mulighet til å finansiera eigen bustad utan å bli tynga av lokale byggesaksgebyr og avgifter, krev Fnb.
For å balansera inntektstapet ser partiet for seg at bemanninga på byggesakavdelinga bør reduserast med 7-9 årsverk. Noko som vil gje ein utgiftsreduksjon tilsvarande 7,2 millionar kroner årleg i fireårsperioden.
Senterpartiet samarbeider med Ap, SV og Raudt om budsjettframlegget. Fellesframlegget til budsjett speglar ikkje Senterpartiet og Hole sitt uttrykte ønskje om å redusera byggjesaksgebyra.
Godt forsøk
Forslaga fekk berre forslagstillarane sine eigne stemmer i formannskapet. Slik det ser ut dagen før budsjettdebatten, vil difor ingen av partia få gjennomslag. Opposisjonspolitikarane har no natta på seg til å freista forhandla med posisjonen i håp om ei løysing.
Dette vert eit historisk budsjett som er ekstra vanskeleg å vedta avdi ein ikkje har direkte tidlegare erfaringar å samnlikna med, er det semje om i formannskapet.
One thought on “Klar for diskusjon om kommunebudsjettet”