Stinn brakke på Aktiv+

Aktiv+ samlar alle dei som vart fødd før krigen, under krigen og etter krigen. På juleavslutninga var det stinn brakke i Sotra Arena.

Ranveig Frøiland og Gunnar Angeltveit samla over 160 seniorar til juleavslutninga på Aktiv+.

Du merkar det alt på parkeringsplassen på Sotra Arena. Dei som kjem i siste liten må langt vekk frå hovudinngangen for å finna ein ledig plass.

Aktiv+ er eit gratis aktivitets- og kulturtilbod for yngre og eldre seniorar på Sotra. Den lette blandinga av trening, føredrag, turar – også sosialt fellesskap – sjølvsagt, har vist seg å vera eit populært tirsdagstilbod.

Historisk reise
Dei vel 160 deltakarane på juleavslutninga tilhøyrer ein generasjon som har opplevd ei historisk reise som ingen generasjonar før dei har opplevd maken til.

Julegrauten smakte, og Gudveig Lillebø kåserte over ei historisk reise ingen annan generasjon har opplevd maken til.

I eit humoristisk kårseri mimra Gudveig Lillebø seg gjennom livserfaringane til ein generasjon som etterkvart har lagt bak seg så mange fødselsdagar at det no nesten berre er fuglande som plystrar etter dei.

Personar som vaks opp medan maten framleis var verkeleg fersk – fordi dei hausta han sjølv. Den gongen kvinner skulle teia i forsamlingar, og dei 23 bedehusa kringom i grendene fungerte som sjekkestadar. Men så hausta då og små synder strenge straffar…

Julestemning
Julestemninga var det Karstein Lunde (gitar), Hans Rasmussen (keyboard) og Harald Dyb (trekkspel som sytte for.

Og så var det loddtrekning etterpå. Lodd for 10.000 kroner forsvann som dogg for sola – det mangla jo ikkje på fine gevinstar.

Sjefar i eigne liv
Deltakarane på Aktiv+ er stolte over at dei framleis er friske og kan å stå på eigne bein. Det har dei planar om å gjera lenge. På Aktiv+ får dei trimma, trena styrke og balanse slik at dei kan halda fram tilværet som sjef i eige liv.

Aktiv+ er resultatet av eit samarbeid mellom Fjell kommune og ei rekkje frivillige organisasjonar: Senioruniversitetet, LHL Sotra, Rotary, Fjell Turlag, Sotra Sportsklubb, Lions Club Sotra, og Fjell Kystlag. Fjell Frivilligsentral og Friskliv- og meistringssenteret er sjølvsagte partnarar.

Seniortilbodet feire 5 år tidlegare i haust.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.