Kenneth Sangolt (38) er tilsett som stabsleiar for service i Nye Øygarden kommune.

Det melder heimesida til Fjell kommune.
Sørvistorgleiaren er ein av fire nestleiarar i avdeling for organisasjon og digitalisering.
Kenneth Sangolt kjem frå Skogsvåg og har dei siste åra vore tilsett i NAV økonomiteneste i Leikanger. Som utviklingssjef i NAV har han jobba mykje med digitalisering og vidareutvikling av tenestene innan økonomi og HR.
-Eg er oppteken av endring og å arbeida for at vi kan levera betre og meir effektive tenester for innbyggjarane. Eg trur også erfaring eg har med kundebehandling er direkte relevant for denne jobben, seier Sangolt.
Sangolt er har ein master i strategisk marknadsføring frå England og ein bachelor frå BI. Han byrjar i jobben seinast 2. mars.