Vaksenopplæringa fekk Sund kommune sin arbeidsmiljøpris for 2019.

Vaksenopplæringa i Sund, ved personalgruppa, fekk tildelt kommunen sin arbeidsmiljøpris for 2019 under det siste møtet i kommunestyret.
Les: No heng ho på veggen
Vaksenopplæringa har gjort ein stor og viktig innsats for integreringa av dei mange flyktningane som har kome til kommunen.
-Vi har gjort ein god jobb, utan vera særleg synleg. Vi tok mot ein jamn straum av nye landsmenn, inntil asylmottaket vart lagt ned. Kjekt å sjå at mange av dei nye vert godt integret, sa Cecilie Fagerbakke då ho og Sølvi Fjeld Bjorøy tok mot prisen på vegne av dei tilsette.
Vaksenopplæringa har vore gjennom store omstillingar etter at asylmottaket vart lagt ned. Staben er halvvert siste åra.
Det var arbeidsmiljøutvalet, ved Elisabeth Hummelsund, som stod for prisutdelinga.