Halverer torskekvoten

På overtid har dei norske fiskeristyremaktene blitt samde med EU om fiskekvotane for 2020.

Fangstkvoten på torsk i Nordsjøen vert halvvert neste år for å gjenoppbyggja torskebestanden. Foto: Havforskningsinstituttet / Øystein Paulsen

Fordelinga av fiskekvotar vert ikkje omfatta av EØS-avtalen, men er gjenstad for årlege forhandlingar.

Kvotane for torsk, sei og nordsjøsild var tema då fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik tok opp att forhandlingane med EU sin fiskerikommissær Virginius Sinkevicius om fordelinga av fiskekvotane for Nordsjøen og Skagerrak denne veka, ifølgje ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Krevjande for fiskarane
Totalkvoten for torsk i Nordsjøen er sett til 17.679 tonn. Den norske kvoten vert 2.502 tonn.

– Torskekvoten er redusert med 50 prosent. Det vert eit krevende år for norske fiskarar. Av omsyn til torskebestanden, som er i dårlig forfatning, er dette er også naudsynt, sier Nesvik.

Les: Torskekrangel

Verna torsken
– Eg legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande å få på plass ei avtale i år. Men vi er no samde om forvaltningstiltak for torsk i Nordsjøen. Tiltaka er mange, og er innført for å verna områder med mykje torsk, både småtorsk og gytetorsk, seier Nesvik.

For å sikra at tiltaka fungerer vil dei felles kontrolltiltaka neste år ha ekstra merksemd på torsk.

Sei
For sei, som er i god forfatning, er kvoten for 2020 satt til 79.813 tonn. Den norske kvoten utgjer 41.503 tonn.

Kvoten for nordsjøsild er 385.008 tonn, noko som gjev ein norsk kvote på 111 652 tonn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.