Hentar 11,94 millionar frå Fjell kommune

Sartorsjef og avtroppande leiar for komite for drift og forvaltning, Ernst Morten Einarsen (H), sat på benken då kommunestyret i Fjell vedtok å løyva 11,14 millionar til finansieringa av Sartorlunden.

Sartorlunden er tenkt å vera ei grøn lunge med lokalt preg i Straume sentrum. No får Ernst Morten Einarsen og Sartor Holding AS 11,14 millionar i tilskot frå Fjell kommune.

Saka kom opp i samband med rebudsjetteringa av investeringsbudsjettet for 2019.

Kommunestyret i Fjell har tidlegare vedteke å finansiera halvparten av kostnadane med opparbeiding av fellesareala innanfor Straumeplanen. Parkområdet Sartorlunden vert omfatta av avtalen, ifølgje sakspapira til kommunestyret denne veka.

Les: Ein grøn møteplass tek form

Sartorlunden er opparbeida av eigedomsselskap Portalen Eiendomsutvikling AS og skal overdragast til Fjell kommune. Kommunen sin andel av kostnadane med prosjektet utgjer 11,14 millionar kroner.

Gjennom eigarskapen i Sartor Holding AS er Einarsen ein av hovudaksjonærane i Portalen Eiendomsutvikling AS der Fjell kommune tidlegare har kjøpt 18 bustadar.

Les: Eigedomshandel gav milliongevinst

Lukrativ
Eigarskapen til Sartor Storsenter og områda rundt har på mange måtar vist seg å vera ei lukrativ investering for Einarsen. Kommunen har tidlegare vedteke å løyva 25 millionar kroner til opparbeidinga av Sotra-plassen i tilknyting til handlesenteret. Sentereigarane får no siste utbetalinga i samband med denne avtalen, 800.000 kroner.

Som avtroppande leiar for komite for drift og forvaltning er Einarsen øverste ansvarlege for økonomien i Fjell kommune.

Les: Komiteleiar løyvde millionar til eiga verksemd

Einarsen erklærte seg inhabil i forkant av kommunestyret si behandling av rebudsjetteringa.

Personar som kan ha særleg fordel eller tap som følgje av eit kommunalt vedtak er ugilde både til å delta i sakshandsaminga og til å gjera vedtak i ei sak, ifølgje Forvaltningslova.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.