-Du må engasjera heile kommunen for å få eit godt fotballag

For å sikra at Nye Øygarden har eit fotballag med økonomi til å konkurrer blant dei beste i 2020 ønskjer Fjell kommune å kjøpa idrettsanlegget til Nest-Sotra på Skålevik.

Det betyr litt for Sotra å ha eit fotballag i OBOS-divisjonen, tenkjer politikarane i kommunestyret i Fjell. Foto: Nest-Sotra.

Det kostar å driva idrett på toppnivå. Nest-Sotra har fornya kontrakten med OBOS-ligaen, men for å hindra at laget, som neste sesong spelar under namnet Øygarden FK, startar sesongen med minuspoeng, må økonomien betrast.

Fotballmiljøet på Sotra ønskjer å skapa eit nytt fotballag med toppspelarar, men som rekrutterer frå breiddeklubbane. For å sikra økonomien i Øygarden FK har dei bedt Fjell kommune om å løysa ut idrettsanlegget på Skålevik.

Møta nasjonale topplag
I forventning om framtidige heimekampar mot nasjonale topplag, tok ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opp kjøpet av idrettsanlegget i samband med den årlege rebudsjetteringa av investeringsbudsjettet i kommunestyret.

– Øygarden FK har fått ein tidsfrist til å redusera gjelda. Har dei ikkje minimum 4,5 millionar på konto ved årsskiftet, startar laget sesongen med minuspoeng, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Løysa gjeldskrise
Fjell kommune ettergav i vår Nest-Sotra eit rente- og avdragsfritt lån på to millionar, men det var langt frå nok.

Les: Vil behalda Nest-Sotra i 1. divisjon

-Nest-Sotra er inne i ein vond sirkel som dei ikkje kjem seg ut av, hevda Sandahl Bjorøy.

Då det hastar med å koma i mål, la ho fram forslag om at ordføraren skal få fullmakt til å gå i forhandlingar om kjøp av idrettsanlegget, innanfor ei økonomisk ramme på seks millionar kroner, og at kjøpet skal finansierast av kapitalfondet.

Entusiasme
-Strilane har ein rå mentalitet på det å vinna. Vi er offensive på fotballbanen, men det
hender det går skeis økonomisk, utbraut ein nærast euforisk Helge Nilsen (KrF).

-Eg skjelv for Nest-Sotra og Øygarden FK. I mitt fotballhjarta er det utruleg viktig å bruka denne summen på å ordna opp i gammal moro. Når eg tenkjer på alle dei tilskota som havnar på Straume, får eg vondt, samstemte Ingunn Stenehjem (uavhengig).

Odd Valvatne (A), var heilt samd:
-Du må ha engasjement i heile kommunen for å få eit godt fotballag.
Talsmannen for idretten i Nordre Fjell i kommunestyret hevda han ikkje ville kunna sjå folk på Ågotnes i augene om ikkje kommunestyret løyvde desse pengane.

Skuletomt
-Det er kjekt å høyra så mange glade menneske. Det fine med å kjøpa dette området er at vi sikrar tomt til ny skule på Skålevik. Berre pass på å få med klubbhuset og, sa Jan Utkilen (SotraLista).

Les: Få svar på folkemøte om Skålevik skule

One thought on “-Du må engasjera heile kommunen for å få eit godt fotballag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.