Det kan nytta å klaga fylkesmannen sine motsegn inn til Kommunaldepartementet.

Fjell kommune har siste året klaga fleire motsegn mot lokale reguleringsplanar frå fylkesmannen i Hordland inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Les: -Kommunestyret skal ha siste ordet
I dag kom avgjerslag på klagebehandling i Oslo når det gjaldt tre av planane. I to av tilfella gjekk departementet si avgjerd i favør av utbyggjarane i Fjell.
Reguleringsplanen for Tveita opnar for 20 bueiningar i eine- og tomannsbustader, medan det i Møvika kan byggjast 36 leilegheiter i eit nytt leilegheits- og næringsbygg.
– Planane vil gje eit meir variert bustadtilbod i denne delen av kommunen, slik kommunen ønskjer, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding
Fylkesmannen hadde motsegn til dei to planane mellom anna fordi dei ikkje er i samsvar med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, og med regional plan for areal og transport i Bergensområdet.
Departementet har forståing for synspunkta til fylkesmannen, men meiner likevel at det i desse sakane må leggjast vekt på kommunen sitt ønskje om nye område for bustadbygging, og at begge planane vil medverka til å styrke eksisterande servicetilbod og auke grunnlaget for kollektivtrafikktilbodet.
Når det gjaldt forslaget til regulerignsplan for Trettevika på Bjorøy valgte departementet å overprøva kommunen sitt vedtak. Her ønskte kommunen å opne for fire nye bustader og småbåthamn i strandsona. Departementet meiner at planen er i strid både med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen.