
Ei dagsturhytte i Fjell bør plasserast i Foldnesmarka, attmed Kyrkjevegen til Hjelteryggen.
Det tilrår kultursjefen i Fjell i ei sak til kommunestyret denne veka.
Turglade strilar bør ha ein stad å gå til, er tanken bak konseptet med dagsturhytter. Ei dagsturhytte er ei relativt einkel hytte, der friluftsinteresserte kan gå inn, eller delta i ulike aktivitetar.
Les: Vil ha dagsturhytter i alle kommunar
Ei dagsturhytte skal liggja maksimalt 15 minutters gåtur unna køyrbar veg. Friluftsplassen attmed Larslivatnet der hytta er tenkt plassert, ligg ein makeleg 5 minutters gåtur unna parkeringsplassen ved Foldnes kyrkje.
– Kyrkjevegen er i dag ein særs godt nytta turveg i Foldnesmarka. Området ligg tett på sentrum, fleire skule og barnehagar, og det ligg difor godt til rette for stor bruk av ei eventuell dagsturhytte, skriv kultursjefen i saksinnstillinga.
Kyrkjevegen er startpunktet for utforskinga eav det nærast jomfruelege tureldoradoet Foldnesmarka:
Les: Opplev Foldnesmarka
Konseptet med dagsturhytter er utarbeida i kommunane i Sogn og Fjordane. Tidlegare i haust kunngjorde Fylkesutvalet i Hordaland at dei ønskjer å medverka økonomisk til at kommunane her i fylket får same tilbodet.
Prosjektet er tenkt finansiert som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunane, spelemidlar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Rådmannen i Fjell er positivt til at kommunen søkjer om å delta i folkehelseprosjektet, men innser at det er ein del administrative hindre som må passerast før ei slik hytte eventuelt kan stå klar.
2 thoughts on “Vil ha dagsturhytte i Foldnesmarka”