Leiar Svein Otto Jacoben (FrP) i Planutvalet i Sund får ei ekstra godtgjersle for den hektiske møteverksemda i samband med kommuneplanen tilsvarande ti møter.

Kommunestyret vedtok mot ei røyst å lytta til Jacobsen si oppfordring om at ein leiar bør ha noko høgare godtgjersle enn utvalsmedlemmane.
Les: Ber om høgare godtgjersle
Det var Jørgen Kausland (H) som la fram forslaget om at utvalsleiaren burde få ei påskjøning for den hektiske møteverksemda utover den vedtekne møteplanen. Han la samstundes ikkje skjul på at dette er ei sak politikarane bør ta lærdom av og ta med seg inn i den nye kommunen.
Symphorien Pombe (SV) viste til reglementet, og at kommunestyret har vedteke den politiske møteplanen. Han forstod ikkje at det skulle vera naudsynt med 25 møter. Utvalsleiaren burde ha kome tilbake til kommunestyret om det var behov for fleire møter.
-Utvalsleiar har informert om framdrifta i kommuneplanen i nærast kvart einaste kommunestyremøte. Vi hadde håpa å få vedteke desse planane i dag. Det hadde vi ikkje vore i nærleiken av utan alle desse møtene. Dei har utan tvil vore naudsynte, samstemte Elizabeth Toft Erichsen (V) som har vore medlem i planutvalet.
Saka var prinsipielt viktig, meinte Jogeir Sognnes (A). Kommunestyret har tidlegare hatt tilsvarande situasjon med kontrollutvalet. Den ekstra belastninga i planutvalet har vore kjent for kommunestyret. Vi har ønska å få ferdig desse planane, men det er komplisert å måtta ta stilling til godtgjesla i etterkant.
Planutvalet burde ha utarbeida ein ny møtekalendar. At det her har vore ei meirbelastning står ikkje til å nekta for, utdjupa Kausland.
Fredrik Mortensen (KrF) syntes saka var kinkig. Svein Otto Jacobsen burde ha sagt frå om den ekstra store aktiviteten. At han først spør om godtgjering i ettertid er leit. Å auka godtgjeringa vil vera eit uheldig signal for ettertida.
Etter eit gruppeleiarmøte var alle, med unntak av Pombe, samde om at innsatsen til utvalsleiaren fortente ei ekstra godtgjersle tilsvarande 10 møter, eller vel 18.000 kroner.