No heng ho på veggen

Uvêret ute fekk ikkje leggja nokon dempar på stemninga på det aller siste møtet i kommunestyret i Sund.

Første, siste og einaste kvinna i rekkja av ordførar i Sund – Kari-Anne Landro.

Etter å ha vore eigen kommune sidan innføringa av formannskapslovene i 1837, var det med eit visst vemod at siste ordføraren før samanslåinga med Fjell og Øygarden i dag klubba aller siste saka i kommunestyret i Sund, nokon gong.

Det som fort kunne ha blitt ei trist førestelling, vart prega av humør.

Avtroppande ordførar Kari-Anne Landro (H) hadde filosofert litt på korleis avslutninga burde markerast. Etter den formelle festen på Panorama sist fredag, landa ho på at det å rydda plass til å hengja opp bilete av ei einaste kvinne mellom alle mennene på ordførarveggen i kommunehuset var rette svaret. Ikkje det at ho ønskjer å hengja på veggen, men…

Historisk. Dei som deltok på det aller siste møtet i kommunestyret i Sund.

 

One thought on “No heng ho på veggen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.