OPS-avtalen om Sotrasambandet vert norgeshistoriens til no største einkeltståande samferdslekontrakt når han vert lyst ut før jul.

Presset på Statens vegvesen for å få ut utlysinga av OPS-kontrakten på Sotrasambandet har vore sterkt, lenge.
Les: Sotrasambandet skal fram – 100 grunneigarar truga av ekspropiasjon
No melder Statens vegvesen at utlysinga er i rute.
Prosjektleiinga i Statens vegvesen er no klar til å senda kontrakten ut på anbod, på Doffin og TED. Utlysinga vil skje før jul, seier prosjektleiar Arve Tjønn Rinde i ei pressemelding.
Les: Sotrasambandet kan setja verdsrekord
I første omgang tek Statens vegvesen sikte på å gjennomføra ei prekvalifisering der dei veljer ut tre potensielle OPS-selskap. Kva selskap dette vert, tek dei sikte på å kunna kunngjera før sommaren.
Deretter vert det ein dialog- og tilbodsfase, der dei aktuelle OPS-selskapa skal forstå prosjektet, utføre naudsynte grunnboringar, synfaringar, starta prosjektering og planlegge prosjektet, seier Rinde.
Den endelege avtalen skal inngåast mellom eit OPS-selskap, finansielle partner, og Statens vegvesen. OPS-selskapet vil etablera sin egen prosjektorganisasjon som utarbeidar sin eigen gjennomføringsstrategi og knytter til seg strategiske leverandørar innan prosjektering, bygging, drift og vedlikehald.
Aktuelle OPS-selskap må levera inn kvalifiseringssøknad i løpet av februar 2020.