Dei to konkurrerande Straumeverksemdene IKM Cleandrill AS og Enhanced Drilling AS skal slåast saman.
Det er klart etter at det i dag vart kjent at Stavangerverksemda Enhanced Well Technologi AS kjøper borevæske-verksemda IKM Cleandrill AS frå offshoregründar Ståle Kyllingstad.
Oppkjøpet verdset IKM Cleandrill til 300 – 400 millionar kroner, ifølgje DN.no.
Strategisk
Oppkjøpet inngår i ein strategisk plan for å utvikla bransjeleiande tenester innan «riserless mud recovery» og «managed Pressure drilling». Enhanced Well Technology kjøpte tidlegare i år også Enhanced Drilling AS. Planen er å slå saman desse to selskapa til ei slagkraftig eining, ifølgje pressemeldinga.
Til saman har dei to verksemdene oppimot eit 100-tals tilsette.
IKM Cleandrill har tidlegare fått mykje merksemd for borevæsketeknologien sin. Nettavisa Tunnelsyn.no omtalte verksemda mellom anna då dei gjekk heilt til topps i Dagens Næringslivs si nasjonale gaselle-kåring hausten 2015.
Les: IKM Cleandrill heilt til topps
Verksemda oppstod som eit resultat av at fleire tilsette i tidlegare AGR Subsea AS hoppa av og starta for seg sjølv.
Også den konkurrerande verksemda Enhanced Drilling AS sprang ut av det tidlegare børsnoterte AGR Group ASA.
Les: Investerte 65 millionar i forsking og utvikling
Enhanced Drilling er klart det største av dei to verksemdene, men har slite med fortenesta dei siste åra.