Verdisetjinga av fartøy og kontraktar i Atlantic Offshore AS ved salet til Aegopodium AS må forståast ut frå den ekstraordinære marknadssituasjonen våren 2016.

Etter at bustyret i konkursbuet til Atlantic Offshore hadde brukt første dag av rettsaka i Bergen Tingrett til å argumentera for kvifor dei meinte Ageopodium hadde fått overteke fartøy og kontraktar til betydeleg underpris, var det i dag Øgreidkonsernet sin advokat Per Magne Ristvedt i Schødt sin tur til å forsvara handelen.
Les: Konkursbu trekkjer offshorerederi for retten.
-Om bustyret verkeleg meinar det er gjort noko ulovleg, kvifor sit ikkje styret på tiltalebenken, spurde Ristvedt.
Eit svart hol
Øgreidkonsernet sin talsmann brukte den innleiande prosedyren til å freista mana til kriseforståing.
Verdisetjinga av fartøy og kontraktar i Atlantic Offshore AS ved salet til Aegopodium AS må forståast ut frå den ekstraordinære marknadssituasjonen våren 2016, hevda Ristvedt.
Marknaden var på det tidspunktet nærast som eit svart hol. Oljeprisfallet tilsa at 30 – 40 andre offshorerederi var i same situasjon som Atlantic Offshore med mykje gjeld og pressa likviditetssituasjon.
Einaste reelle alternativet
Leiinga i Atlantic Offshore hadde i lang tid før salet freista selja heile eller delar av verksemda. Dei hadde vore i kontakt med eit 100-tals potensielle investorar, og alle hadde takka nei.
-Atlantic Offshore freista selja i ein fallande marknad, konkluderte Ristvedt.
-Konkurs var det einaste reelle alternativet, hevda advokaten.
Truga med konkurs
-Det er ingen investorar i dag som er lei seg for at dei ikkje fekk kjøpt Atlantic Offshore for 200 millionar i 2016. Derimot er det ein som lurer på om han betalte for mykje då han skaut inn 50 millionar, sa Ristvedt.
Får bustyret medhald i at Aegopodium og Øgreid-konsernet må betala 200 millionar kroner i erstatning til buet til tidlegare Atlantic Offshore AS, vert Aegopodium slegen konkurs, fortsette Øgreidkonsernet sin advokat.
Skulda på obligasjonseigarane
Advokaten gjekk langt i å leggja skulda på dei usikra obligasjonseigarane, både for konkursen – og for at det vart rettsak.
Obligasjonseigarane tok høg risiko og forventa å få utbetalt rentene sine til faste tider, trass i den vanskelege økonomiske situasjonen offshorerederiet var i. Bankane nekta derimot å gje uprioriterte långjevarar forrang på betalingar.
-Eg tør vedda på at det er obligasjonseigarane som står bak denne rettsaka. Dei har gjort ein deal med buet om å få ein andel dersom dei vinn fram, hevda Ristvedt.
Mannen som sa nei
Den vanskelege situasjonen før konkursen vart forverra av oljeselskap som kravde å få reforhandla ratene. Her prøvde Ristved å teikna eit bilete av dagleg leiar Roy Wareberg som mannen som våga å stå mot presset og seia nei til oljeselskapa.
Nystifta Aegopodium AS fekk kjøpa i 2016 19 fartøy med kontraktar frå offshorerederiet Atlantic Offshore AS for 16,9 millionar kroner like før eigarane slo verksemda konkurs. Øgreidkonsernet var hovudaksjonær, både i Atlantic Offshore AS og i Aegopodium.
One thought on “Aegopodium-advokat truga med konkurs”