Konkursbu trekkjer offshorerederi for retten

Fekk nystifta Aegopodium AS kjøpt verdiane i Atlantic Offshore AS til underpris like før konkursen i 2016? Bustyret meinar det. Denne veka møtes partane i retten.

Offshorerederiet Atlantic Offshore AS kom i økonomiske vanskar i 2014. Etter forgjeves å ha prøvd både å selja heile eller delar av verksemda, og å koma til ein avtale med kreditorane, kjøpte hovudaksjonær Knut Øgreid i Stavanger, gjennom det nystifta Aegopodium AS, verdiane i verksemda for 16,9 millionar kroner. Deretter vart Atlantic Offshore AS slegen konkurs i april 2016.

Konkursen førte til at usikra obligasjonseigarar utan pant i fartøya tapte 500 millionar kroner.

Les: Sel unna verdiane i Atlantic Offshore

Underpris

Partnar Atle Johnsen Skaldebø-Rød i BAHR fører saka for bustyret i Atlantic Offshore AS. Foto: BAHR.

Aegopodium og hovudaksjonær Knut Øgreid fekk overta fartøy og inngåtte kontraktar til underpris, meinar bustyret å ha funne grunnlag for å hevda, tre og eit halvt år etter at konkursen var eit faktum.

Denne veka møtes partane i Bergen Tingrett. Seks dagar er sett av til tvisteforhandlingane der nokon av landets mest skarpskodde advokatar innan kontrakts- og selskapsrett er henta inn til å bistå partane.

Tre spørsmål vert det opp til retten å avgjera, ifølgje innleiingsprosedyren til partnar Atle Johnsen Skaldebø-Rød i advokatfirmaet BAHR.

Sprikjande vurderingar
Det sentrale spørsmålet er kva som var den verkelege verdien på fartøy og inngåtte kontraktar i Atlantic Offshore AS før konkursen i 2017?

I forsøk på å fastslå verdien er det utarbeida fleire ekspertrapportar, med svært sprikjande konklusjonar. Etter bustyret sitt skjøn hadde fartøy og inngåtte kontraktar i Atlantic Offshore AS ein verkeleg verdi ein stad mellom 136 og 262 millionar kroner på det tidspunktet då Aegopodium overtok. Verdianslaget inneber at Aegopodium fekk kjøpa verdiane i Atlantic Offshore til ein underpris på ein stad mellom 121 og 248 millionar kroner, hevdar bustyret.

Verdifastsetjinga er ei kompleks oppgåve. Mykje kan seiast om verdien på dei 19 fartøya og dei inngåtte kontraktane i dagane før konkursen. At Aegopodium ønskjer å setja verdianslaget så lågt som mogeleg er berre naturleg, argumenterer Skaldebø-Rød.

-Heilt svarte natta var det likevel ikkje, hevdar bustyret sin advokat.

Les: Bergingsrederi tilbake i djupt farvatn

Erstatning
Etter lova er det Aegopodium AS som heftar for buet sine krav. Vil i dette tilfellet Knut Øgreid også vera ansvarleg for å dekka kravet?

Korleis skal buet få kompensasjon for tapet sitt? Dette vert det tredje spørsmålet retten skal avgjera. Sidan det er gått såpass lang tid vil det vera naturleg at konkursbuet får utbetalt ei erstatning.

Alternativet er at fartøy vert tilbakeført til buet, ifølgje Skaldebø-Rød.

Kunne kontraktane seiast opp?
Dagleg leiar Roy Wareberg i Aegopodium AS var sentral i salet av fartøy og kontraktar i 2016. Første dag av rettsaka ønskjer han å seia minst mogeleg om saka og om motparten sitt krav.

-Retten må også vurdera korvidt oljeselskapa kunne seia opp kontraktane, seier Wareberg i ein knapp kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no si oppsummering av dei sentrale spørsmåla Tingretten skal ta stilling til.

2 thoughts on “Konkursbu trekkjer offshorerederi for retten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.