Prosjektrådmann Rune Lid appellerer til folkevalde, tilsett og tillitsvalde om å slutta opp om forslaget til økonomiplan for dei første fire åra som Nye Øygarden.

At den økonomiske situasjonen for den nye kommunen er krevjande, la Lid ikkje skjul på i orienteringa si til kommunestyret dagen før han sender ut framlegget til budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020 – 2023 til drøfting i dei politiske partia.
Sidan orienteringa i formannsakapet tidlegare i månaden har prognosen for underskot for 2019 blitt forverra frå -116 til -121 millionar kroner.
Status 2023
For å bringa økonomien i balanse har prosjektrådmannen fått utarbeida ein økonomiplan for første fireårs-perioden. Ved utgangen av 2023 skal Nye Øygarden ha eit netto driftsresultat på 1,75 prosent, slik dei nasjonale kommuneøkonomane tilrår.
Disposisjonsfondet skal utgjera 5 prosent av driftsinntekta, tilsvarande 140 millionar kroner. Eit mål som gjev lite rom for å saldera eventuelle budsjettunderskot dei førstkomande åra med fond.
Samstundes skal lånegjelda i 2023 maksimalt utgjera 100 prosent av driftsinntekta.
Balanse i 2021
Neste år vert det i stor grad lagt opp til å vidareføra dagens aktivitetar. For å nå målet føreslår Lid å budsjettera med eit underskot på 37 millionar kroner i 2020. I 2021 skal budsjettet gå i balanse og frå 2022 skal tala under streken vera svarte, 54 millionar i 2022 og 105 millionar siste året i perioden.
Må spara
Omstillingsprogrammet Øygarden 2023 vil innebera innføring av førebyggjande tiltak, effektiviseringar, og digitalisering tilsvarande 84 millionar kroner neste år. Dei tre neste åra skal det sparast henhaldsvis 150 millionar, 200 millionar og 250 millionar kroner, ifølgje framlegget.
Både inntektssida og utgiftssida er i endring.
-2020 vert spesielt. Vi treng bruka 1. halvår til å analysera. Vi må få lov å koma tilbake med eit revidert og meir korrekt revidert budsjett, seier Lid.
-Vi har ikkje noko val
-Vi er i same båt. Administrasjonen og tillitsvalde. Ingen av oss klarar dette aleine. Vi må samarbeida, oppfordra Lid.
-Konsekvensen om vi ikkje klarar det, og vi ikkje lenger har fond å saldera med, heiter Robek. Vi har ikkje noko val, appellerte Nye Øygarden sin første kommunedirektør.
One thought on “Trugar med Robek”