Fødselsoverskotet i Fjell berga folkeveksten i Nye Øygarden i 3. kvartal.
SSB sin folkevekstoversikt for 3. kvartal er dyster lesnad for vekstprofetane vestom Sotrabrua. I månadane juli – september vart det 49 fleire strilar i Fjell, Sund og Øygarden. For året så langt utgjer den samla folkeveksten 130 personar.
I Fjell får vi ungar, Sund flyttar dei til, og Øygarden flyttar dei frå. Slik kan vi raskt oppsummera utviklinga i kvartalet.
Fødsesoverskot
Alle tre kommunane hadde positivt fødselsoverskot.
Størst var eigenproduksjonen i Fjell. Her vart det født heile 60 fleire ungar enn som døydde. Netto tilflytting skrumpa inn til ni personar. Eit signal til politikarane om at det ikkje nødvendigvis er overskot av dyre blokkleilighetar som trekkjer nye innbyggjarar. Kanhende bør dei verta flinkare til å ta vare på dei barnefamiliane som alt bur her?
Les: Vill optimisme driv utviklinga på Straume
Den geografiske fordelinga av tilflyttarane tyder på at det framleis er ønsket om eigen hage, og å kunna bu landleg, som får nye innbyggjarar til å flytta hit. I Sund kom største folkeveksten som følgje av tilflytting. 14 fleire flytta til kommunen enn som flytta frå. Kommunen fekk samstundes seks fleire nyfødde enn som døydde.
I Øygarden vart tendensen til fråflytting forsterka. Netto utflytting frå kommunen utgjorde heile 40 personar. Så langt i år har petroleumskommunen mista 49 innbyggjarar.
Ved utgangen av september budde det totalt 38.247 personar i Nye Øygarden.
Folkevekst 3. kvartal | 01.07.2019 | Fødsels-overskot | Innflytting | Vekst 3. kvartal | 30.09.2019 | Vekst 2019 |
Fjell | 26.222 | 60 | 9 | 69 | 26.291 | 125 |
Sund | 7.096 | 6 | 14 | 20 | 7.116 | 54 |
Øygarden | 4.880 | 1 | -41 | -40 | 4.840 | -49 |
38.198 | 67 | -18 | 49 | 38.247 | 130 |