Dei fire fastbuande på den vesle øya Geitanger i Hjeltefjorden kan omsider vera trygge på at den kommunale vegen ikkje risikerer å verta skylt på sjøen under første vinterstorm.

Sikring og utbetring av den kommunale vegen på Geitanger var eit av dei prioriterte trafikksikringstiltaka Komite for drift løyvde pengar til våren 2017. To og eit halvt år seinare vitnar ei kilometerlang nylagt, oljeglinsande asfaltstripe om at arbeidet er utført.
Prioritert
Tiltaket vart prioritert på eit knapt trafikksikringsbudsjett avdi delar av Hanavågvegen sørover frå den kommunale kaien stod i fare for å rasa på sjøen. Vergudane og naturkreftene i fellesskap hadde gjennom mange år undergravd fyllinga under vegen, kjem det fram av sakspapira til Fjell kommune.

Den mest krevjande delen av oppdraget var difor å frakta ut stein og mura opp ei sikker fylling med vegskulder som evnar stå imot og støtta opp under vegfundamentet når vinterstormane feiar inn Hjeltefjorden, forklarar Lars Olav Hjartøy i Hjartøy Entrepenør AS til nettavisa Tunnelsyn.no. Entrepenørverksemda vann konkurransen om oppdraget til vel tre millionar kroner.
Steinfylling
Stein til den nye fyllinga måtte dei henta frå Store Sotra. For å få frakta dei 3.000 kubikkmetrane med stein den kilometerlange sjøreisa over Hjeltefjorden og ut til Geitanger valde entrepenørverksemda like godt å investera i ein lekter, forklarar Hjartøy.
Sommarøy
Plassert midt i Hjeltefjorden, var Geitanger ein av dei mest sentrale stadane i Fjell, så lenge sjøvegen var Riksveg nr. 1. I dag er det berre fire fastbuande att. Om sommaren derimot, aular det av folk på den idylliske øya, fortel Ole Nilsen. Den pensjonerte offshorearbeidaren driv Hjeltefjorden Fjordsenter, med tilbod om fortøyning, servering og utleigehytter.

At den kommunale vegen no er utbetra, er Nilsen glad for, men mest på vegne av dei mange sommargjestane. For ein fastbuande som disponerer eigen kai, og som er avhengig av eigen båt når ærenda ikkje samanfell med avgangstidene til rutebåten, betyr ikkje vegen allverda.
Etterlyser vassleidning
Hadde Fjell kommune berre brydd seg med å koordinera vegarbeidet med FjellVar, og sytt for at det vart lagt vassleidning i vegen medan dei no eingong hadde gravemaskin på øya, ja, så hadde eigaren av Hjeltefjorden Fjordsenter vore langt meir happy…