Det skal verta einklare for forbrukarane å kjøpa fersk sjømat direkte frå fiskefartøya.
(Saka er oppdatert.)

Fiskeri og sjømatminister Harald T. Nesvik vert stram i blikket og ristar oppgjeven på hovudet når han høyrer om kommunebyråkratar som freistar hindra sal av fersk sjømat til forbrukar direkte frå fiskefartøya.
-Handel med fersk fisk direkte frå fiskefartøya er ein del av kystkulturen, hevdar fiskeriministeren.
Ved å trekkja kulturaspektet inn i diskusjonen kjem byråkratane til kort, har han erfart.
I Hordaland og Sogn og Fjordane har sal av fisk fra båt vore tillate sidan 2016. Det er Fiskesalslaget i Måløy og Magnar Aasebø som avgjer søknadane, ifølgje torgleiar Margit Fagertveit-Aakre i Bergen.