Sosialsatsane i Nye Øygarden bør følgja staten sine satsar også når det kjem til barnetillegg, tilrår formannskapet.

Det var Maria Thomassen (MDG) som på vegne av Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV og FNB fremma forslaget om at ingen grupper av sosialhjelpsmottakarar bør få mindre å rutta med enn det Staten tilrår ut frå eit nøkternt budsjett (SIFO).
Barnetillegg
Konkret foreslo MDG-representanten at foreldre til born i alderen 6 – 10 år bør få utbetalt 3.100 kroner i månaden, istaden for 2.900 kroner slik administrasjonen har tilrådd. Foreldre til barn i alderen 11 – 17 år bør få eit barnetillegg på 4.000 kroner, ikkje 3.400 kroner.
Då Sylvia Haugland (H) fremma eit tilsvarande forslag, var det duka for ei samrøystes tilråding frå formannskapet til kommunestyret.
Stordriftsfordelar
Barnerike familiar har stordriftsfordelar, tenkjer politikarane. Noverande Øygarden kommune vedtok i vår at foreldre ikkje skal få sosialhjelp til meir enn fire ungar. No ser det ut til at vedtaket vert vidareført i den nye kommunen. Forslaget frå Torill Selsvold Nyborg (KrF) om at foreldre skal få økonomisk stønad til meir enn fire born fekk berre to røyster: Hennar eigen og Maria Thomassen.
Barnetrygda skal ikkje gå til fråtrekk i utrekninga av sosialhjelpsatsane, var det brei politisk semje om. Kontantstøtte vil derimot verta rekna som inntekt.
Samordna satsar
Ved samordninga av sosialhjelpssatsane dei tre kommunane i mellom tilrår formannskapet at einslege vaksne skal få utbetalt 6.150 kroner månaden, par skal få 10.250 kroner, og personar i bufellesskap skal få 5.150 kroner. For barn i alderen 0 – 5 år skal foreldra få utbetalt 2.400 kroner.