Nye oppgåver kombinert med gammalt materiell fekk leiinga for Øygarden brann og redning til å varsla «krise» då formannskapet i Nye Øygarden samlast til sitt første møte.

Brannsjef Bjørn Olav Paulsen og styreleiar Per Rune Eikeseth i Øygarden brann og redning var svært så samstemte i at behovet for utskiftningar av gammalt, men kostbart utstyr er prekært.
-Beredskapen har stått stille i 15 år, åtvara styreleiar Eikeseth.
Største brannbilen nærmar seg 20 år, og det er ikkje lenger råd å få fatt i delar. Når det brenn vert løysinga gjerne å ringa Bergen og leiga utstyr derifrå, fortalte Paulsen.
Seksårsplan
Brenn det på Litle Sotra, er det uansett brannvesenet i Bergen som rykkjer ut.
Oppgradering av kostbart teknisk utstyr krev stor grad av føreseibarhet. Saman har brannsjefen og styreleiaren i det kommunale føretaket utarbeida ein seksårsplan for oppgardering og utskiftning.
No oppfordrar dei politikarane om å ta investeringsplanen med i budsjettarbeidet for 2020.
Nye oppgåver
Dei 70 tilsette i det lokale brannvesenet er med på kring 300 utrykningar i året. Berre kvar fjerde utrykning dreier seg om brann. Stadig oftare må brannvesenet påta seg helserelaterte oppdrag, eller rykka ut i samband med trafikkulukker.
Særleg er det tilfelle når noko skjer sør i Sund og nord i Øygarden. Med brannstasjonar i Skogsskiftet, på Ågotnes og Dalsneset er brannvesenet nærare enn legevakta på Straume når einkvan får hjartestans eller eldre dett på badegolvet.
-Det vert ofte til at dei som er nærast rykkjer ut, konstaterer Paulsen.
-Til no har vi hatt brannfolk med helsekompetanse. No treng vi i stadig større grad helsepersonell med brannkompetanse, seier brannsjefen.
One thought on “Krisemelding frå brannvesenet”