Det er langt mellom politikarane på toppen av skattelistene for fjoråret. Nokre hadde likevel større grunn til å smila enn andre.

Berre seks profilerte politikarar i Fjell, Sund og Øygarden er å finna mellom dei 100 øverste på skattelistene for 2018.
Øverst på lista over dei med høgast inntekt finn vi to Høgre-menn. Med ei skattbar inntekt på nær 2,4 millionar kroner tente Ernst Morten Einarsen nærare 900.000 kroner meir enn Nils Kåre Skoge.
Størst formue er det ein KrF-representant til kommunestyret i nye Øygarden som har. Vidar Klepsvik hadde i fjor samla seg ein skattbar formue på 36,9 millionar kroner. Einarsen, Sartorsjef og nestleiar i utval for tenester og levekår, hadde til samanlikning ein formue på «berre» 13,3 millionar.
Ernst Morten Einarsen (1963) (H) | 2 388 453 | 1 056 389 | 13 358 212 |
Nils Kåre Skoge (1954) (H) | 1 551 110 | 632 168 | 1 347 700 |
Pia Kristin Kleppe Marken (1972) (V) | 1 537 077 | 652 567 | 434 854 |
Vidar Klepsvik (1963) (KrF) | 1 532 078 | 780 188 | 36 945 138 |
Åse Gunn Husebø (1964) (A) | 1 205 468 | 480 668 | 1 723 337 |
Atle Dåvøy (1967) (KrF) | 1 108 405 | 451 206 | 0 |