-Eg vert ikkje stril

Ein gong langt tilbake i tider som var
fekk eg eit jordstykke av presten sin gard

Høyr, sa eg, kva skal eg vel lage,
Jau, rett no vert dette din hage
Eg såg ingen hage, berre stein, torv og brake.
Ein hage har blomar og spirande hekkar
gruslagde stiar og klunkande bekkar

Sverre Bungum.

Så kom denne tanken om kva eg trong
Noko som sa kor eg kom frå ein gong
Eit minne om fjella, dalen og angande frukt
Noko som gjer det harde meir mjukt
Noko som kan gje meg ei kjensle av fred
Det måtte nok bli eit plommetre

No er vi litt rufsete, treet og eg
Vi har gått gjennom livet den same veg
Så kjem dei og spør, kva identitet har du?
Eg svarar, eg har ikkje tenkt å snu
Eg er den eg var, eg er den eg er og vil vera
Slik vert det for meg på resten av ferda.
Eg vert ikkje stril, det kan aldri skje,
min identitet er knytt til eit
Victoriaplommetre

Av Sverre Bungum

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.