Strilakulturen i endring

Strilakulturen er lokal og mangfaldig. Han har rom i seg for både rap og importerte krydder.

Ungane kjem langvegs frå for å syngja i Kystkulturkoret på Tofterøy.

Strilakulturen si framtid var tema for tredje møtet i serien om lokaldemokrati og identitet i nye Øygarden.

Det å vera stril har endra seg, frå å vera eit skjellsord til å vera ei heidersnemning. Kva har skjedd?

Ungane i «Kystkulturkoret» frå Tofterøy slo an tonen med ein moderne versjon av Johannes Kleppevik sin «Oldefar» – framført som rap. Men så er då og kulturell fornying like viktig for engasjement og kulturell overleving som det å halda liv i røtene, skal vi tru den tidlegare BT-journalisten Per Jon Oden som var hyra inn som debattleiar.

Les: Kystsogevekene på beddingen

Han med oselvaren, Kjell Magne Økland, Vivian Steinsland med gitaren, ordførar Kari-Anne Landro og snart 15-årige Jadar Myking Endestad representerte breidda i panelet.

Strilane har kome dit dei er ved å vera hardt arbeidane. Dei nyttar det dei har, der dei er, hevda Økland.

Du kan godt vera stril, sjølv om du skarrar på r-en, tenkjer ungdomen. Strilamålet er ikkje lenger kva det var, før utflytta bergensarar tredobla folketalet i dette eingong så furete, verbitne øysamfunnet. Heldigvis har det og kome flyttande nokre lærarar som kan halda rettskrivinga i øyrene.

Interessa for båtar er viktig. Om dei er av tre eller plast er ikkje så viktig, lenger. Unge som ikkje veit kva eit naust er, dei er derimot ute og køyra, og kan neppe rekna med å få seg jobb på planavdelinga i den nye kommunen når dei vert vaksne.

Kvinnene sytte for mat på bordet og klede på kroppen. Mange av mattradisjonane har forsvunne. Lubbesild er for dei spesielt interesserte. Kva gjer strilakvinnene i dag om dei får ei bøtte sild på bordet? Jau, dei søkjer på YouTube etter oppskrift på korleis prekevera delikatessene. Men og formødrene våre visste at matkultur var internasjonal – dei nytta då importerte krydder, som anis i lefsene, fortalde Kari Fauskanger.

Songen frå Vest, tonesett og framført av Roy Vorland er det næraste vi kjem ein nasjonalsong for nye Øygarden.

For å ta vare på det gamle, har Folkeakademiet like godt sett seg føre å etablera eit Folkeakademi Ung, det første i landet, ifølgje ein stolt Eivind Helland.

Den restaurerte Sotrabunaden har funne sin plass i rekkjene på Husfliden. Og Songen frå Vest, vakkert framført av Roy Vorland, avslutta kvelden.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.