No skal bygdesogene ut

Stort opplag og beskjedent sal gjer at Sund kommune no sel unna dei fem banda av gards- og ættesoga for Sund for 100 kroner boka.
(Saka er oppdatert.)

Kultursoga – band 6 av Sund på Søre Sotra – kjem først 5. desember, seier Laila Klemetsaune.

Sundsokningane er sånn gjennomsnittleg interessert i slektshistoria si, men mange nøyer seg med å kjøpa boka for si eiga bygd, seier Laila Klemetsaune, einingsleiar for kultur.

Frå og med i dag kan du kjøpa dei fem første banda i Sund på Søre Sotra på for kroner 100 på biblioteket.

-Det er betre at bøkene vert lesen i heimane enn at dei ligg på lager. Dei misser òg sin aktualitet etter kvart, legg Klemetsaune til.

Kultursoga
Kultursoga rekk forfattaren Frode Fyllingsnes såvidt setja siste punktum i før Sund går over i historien som eigen kommune. Den vil først koma i handelen 5. desember i år. Betalar du innan 15. november, får du den for 450 kroner. Ventar du til etter lanseringa stig prisen til 500 kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.