KrF og FrP braut ut og fremma eigne representantar då det første kommunestyret i nye Øygarden valgte medlemmar til formannskapet.

-Eit solid fleirtal på 21 representantar for fellesframlegget frå Arbeiderpartiet, SP, SV, MDG, Folkeaksjonen mot meir bompengar og Rødt endra likevel ikkje på valet av ordførar: Tom Georg Indrevik (H) er no formelt valt til første ordførar i nye Øygarden kommune.
Sakene under det konstituerande møtet i kommunestyret i nye Øygarden var val av ordførar, varaordførar, og medlemmar til formannskap og alle utvala.

Indrevik vart vald til ordførar med 24 røyster med Marianne Sandahl Bjorøy (A) som motkandiat. Ho fekk 21 røyster.
Torill Selsvold Nyborg (KrF) vart til varaordførar med 24 røyster mot Einar Jacobsen (Fnb) 21 røyster
Desse vart vald inn i formannskapet;
For H, SL og V:
Tom Georg Indrevik, Sylvia Haugland (H), Nils Kåre Skoge (H), Nina Glesnes (SL),
For A, SP, SV, MDG, Fnb og Rødt:
Marianne Sandahl Bjorøy (A), Espen Stolsnes Harkestad (A), Sølvi Kobbeltvedt (SP) , Maria Thomassen (MDG), Einar Jacobsen (Fmp),
For KrF:
Torill Selsvold Nyborg
For FrP:
Anita Garlid Johannessen

One thought on “No er han ordførar”