Ordførar Kari-Anne Landro i Sund har i dag bedt om å få ei orientering om kva som har skjedd ved fastsetjinga av festeavgifta til Roald Broch.

Landro har vore ordførar i Sund sidan 2013, og har fartstid i kommunestyret heilt tilbake til 2003. Festesaka til Roald Broch kjente ho ikkje til før ho las saka på nettavisa Tunnelsyn.no seint i går kveld, seier Landro.
Les: Forskjellsbehandling frå Sund kommune knekte Roald sin privatøkonomi
I dag har ordføraren i Sund bedt administrasjonen om å få ei orientering om kva som har skjedd. Ho vil og følgja med på arbeidet i kontrollutvalet.
Før ho har fått desse orienteringane ønskjer Landro ikkje å svara på konkrete spørsmål om saka.
-Skulle ikkje kommunestyret ha behandla auken i festeavgifta?
-Det kan ha vore ei sak om festeavgift, men det er i så fall så lenge sidan at eg ikkje huskar detaljane. Når eg søkjer i eposten min får eg ingen treff, seier Landro.
Opplysningsvesenets Fond er ein av dei store grunneigarane i Klokkarvik, som ho har hatt kontakt med i fleire samanhangar opp gjennom åra. Korvidt festeavgifta har vore eit tema i ein slik samanhang kan ho ikkje svara på.
-I dette tilfellet er festeavgifta auka med 1.416 prosent. Kva tenkjer du om det?
-Auke av ulike typar avgifter bør vera føreseibar, og opplevast som logiske for innbyggjarane. 1.416 prosent er ein spesielt stor auke og heile uvanleg, seier ordføraren i Sund.
-Fastsetjing av festeavgift er eit spesielt område. Når det gjeld fastsetjing av VAR-avgifter, så vert dei regulert årleg. Her er politikarane opptekne av at avgiftene skal regulerast etter sjølvkost, og at svingningane ikkje skal vera for store.
-Det er ein god regel at avgiftene skal vera føreseibare. Om nokon har ein vanskeleg økonomi, er det ekstra viktig, seier Landro.
-Kva tenkjer du om at Broch her har blitt utsett for forskjellsbehandling frå Sund kommune?
-Det vert eit tema for kontrollutvalet, seier Landro.
-Innbyggjarane skal ikkje forskjellsbehandlast. Vi må ha gode system for å fastsetja offentlege avgifter, difor utarbeider vi regulativ som skal sikra ei objektiv fastsetjing, seier ordføraren i Sund.