Maria Thomassen (MDG) mislikar at påtroppande ordførar Tom Georg Indrevik (H) under debatten om samferdsel sist veke kom til å kalla meiningane hennar for «ekstreme».
(Saka er oppdatert.)

Under debatten om morgondagens samferdsle og kommunikasjon på Fjell folkeboksamling på Straume sist torsdag sat både Indrevik og Thomassen i panelet, saman med Kristian Amlie frå Bouvet.
Thomassen la ikkje skjul på at ho er skeptisk til at nytt Sotrasamband og firefelts motorveg frå Kolltveit til Ågotnes er rett medisin til å løysa dei klima- og miljømessige utfordringane som nye Øygarden kommune står ovanfor på samferdslesektoren.
-Kjekt at du utfordrar oss med ekstreme tankar, kommenterte påtroppande ordførar Tom Georg Indrevik den unge MDG-representanten sine meiningar.
Les: -Same kva vi i MDG seier, så er svaret meir veg
-Det at Høyre set seg sjølv som norm ved å karakterisere andre politiske innspel og forslag som ekstreme vert helt feil, seier Thomassen til nettavisa Tunnelsyn.no.
-Vi i MDG kjem ikkje med ekstreme løysingar, kun fremtidsretta løsningar som tenkjer langsiktig. Det at MDG meninar vi ikkje bør byggja firefelts motorveg i utmarka imellom Straume og Ågotnes, det er ikkje ekstremt. Tvert om. All forsking viser at meir veg gjev meir trafikk på lang sikt. Vi ønskjer å redusera biltrafikken og køane. Det skjer ikke om vi byggjer meir veg. Den sitjande regjeringa med Høgre i førarsete har eit nullvekstmål som tilseier at all vekst i trafikk skal skje innan kollektivtransport og ikkje innan privatbilismen. Det syntes jeg ikke henger samman med Høyre i Øygarden sitt ønskje om firefeltsveg i utmarka, utdjupar Thomassen resonnementet som Indrevik altså karakteriserte som «ekstremt».
-Eg håpar verkeleg at dei politiske diskusjonane i nye Øygarden i framtida ikkje vil innebera å karakterisera kvarandre som ekstreme, seier den unge folkevalde frå MDG som torsdag denne veke møter for første gong i kommunestyret for den nye kommunen.
I ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no nyanserer Indrevik utsegnet han kom med i debatten:
-MDG har på mange område gode innspel og forslag. Men for meg er nokre av dei for ekstreme, skriv Indrevik.
One thought on “Folkevald for MDG reagerer på å verta kalla «ekstrem»”