Sol, sommartemperatur og ikkje eitt vindpust.

Finveret i dag var eit høve for godt til å oversjå. Dagens fottur langsmed Gamle Kyrkjevegen vart ei fryd for auga og ei vitamininnsprøyting framfor hauststormane set inn.

For ein fotograf er området inn mot grinda mot Morland det mest fascinerande på heile turen. Her skiftar fargane med årstid, skydekke og tid på dagen. Ikkje to bilete vert like.
I desse dagar spelar naturen ut heile sitt fantastiske fargespel.

Helgeturen er ein fast spalte på nettavisa Tunnelsyn.no. Du kan lesa fleire turforslag her.