Ambisjonane for nye Vestland fylke er store.

– Eg skal gjere mitt beste for oss alle i denne første perioden i Vestland fylke, sa nyvald fylkesordførar Jon Askeland (Sp) på det første fylkestinget i Vestland. Han vart vald med 46 røyster. Silja Ekeland Bjørkly (H) fekk 19 røyster.
Askeland vart vald med røystene til A, Sp, MDG, KrF, SV, V, R og FNB. Motkandidat Silja Ekeland Bjørkly fekk røystene til H, Frp og PP.
Store ambisjonar
Med 630.000 innbyggjarar vert Vestland det tredje største fylket i landet.
Ambisjonane for det nye fylket er store:
– Vestland vert på storleik med Oslo. Ambisjonen må vera å bli større enn Oslo, sa nærings- og moderniseringsminister Monica Mæland i helsingstalen til det nye Vestland fylkesting i Håkonshallen 15. oktober.
-Fylka skal få meir ansvar for utviklinga i eigen region. Vi vil gjere samfunnsutviklarrolla sterkare, lova kommunal- og moderniseringsministeren.
Askeland har oppskrifta klar på korleis lukkast med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane:
-Samhald, handlekraft og patriotisme. Vestland er det mest spennande av alle fylka. For med vår eigenart har vi unikt høve til å få nye oppgåver, desentralisere makt, vere motmakt og skape nytt. Vestland må lukkast for at regionreforma skal lukkast, sa den nyvalde fylkesordføraren i innleiingstalen sin under opninga av det første fylkestinget.
