-Husk å sjekka innhaldet i arealdelen til ny kommuneplan, oppfordrar leiar Svein Otto Jacobsen (FrP) i Sund.

Kommunestyret i Sund vil svært gjerne ha vedteke den nye arealdelen til kommuneplanen medan kommunen framleis finst.
Noko forseinka på grunn av ein datafeil var det først nyleg at framlegget til ny plan vart lagt ut på 2. gongs høyring.
Les: Sund klar for ny utlegging av kommuneplanen
-Har du merknadar, kom med dei snarast råd, slik at vi får byrja å behandla dei. Oppdagar du ting først om eit halvt år er det for seint, oppfordrar Jacobsen.
Du finn alle dokumenta på heimesida til Sund kommune. Inndeling i ni plankart gjer det einkelt å få oversikt.
Aller siste dato for å koma med merknadar er sett til 13. november.
One thought on “-Husk å sjekka kommuneplanen”