Som del av fleirtalskoalisjonen i fylkestinget i nye Vestland har Venstre fått full utteljing for sine to representantar.

Fleirtalskoalisasjonen i fylkestinget i nye Vestland er sett saman av Senterpartiet, Arbeiderpartiet, KrF, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet.
Venstre vert representert med to personar med bustad i noverande Sogn og Fjordane.
Gunhild Berge Stang frå Fjaler blir gruppeleiar for Venstre, fast medlem i Fylkesutvalet, Planutvalet og Finansutvalet og medlem i Hovudutval for Næring og Innovasjon.
Les: Venstretopp vitja lokalmatprodusent
Alfred Bjørlo frå Eid/Stad blir nestleiar i Hovudutval for Kultur, Idrett og Integrering i Vestland, og fyrste vara til Fylkesutvalet.
I tillegg blir Ingrid Handeland frå Kvinnherad fast medlem for Venstre i Kontrollutvalet.
Partia er mellom anna samde om å prioritere ungdom og skule, om ein tydeleg distriktsprofil i det nye fylket og å omstille Vestland til eit klimanøytralt samfunn innan 2030, skriv Vestland Venstre i ei pressemelding.
Jon Askeland (Sp) vert første fylkesordførar i nye Vestland. Natalia Golis (MDG) vert varaordførar.