Både i Fjell og Øygarden er det framleis stor mangel på bøssebærarar framfor TV-aksjonen søndag.

Årets innsamlingsaksjon går til inntekt for CARE. Organisasjonen jobbar for at fattige kvinner i nokre av dei mest utsette landa i verda skal kunna tena eigne pengar, råda over sin eigen kropp og verta høyrt i samfunnet.
Stort apparat
Den årlege TV-aksjonen organiserer eit stort apparat, særleg av bøssebærarar. For at flest mogeleg innbyggjarar skal få høve til å bidra i løpet av dei timane innsamlingsaksjonen pågår, trengs det over 450 bøssebærarar berre i Fjell, Sund og Øygarden.
Slit på Straume
Størst er behovet i Fjell. Ei knapp veke før sjølve aksjonsdagen manglar det eit 50-tals bøssebærarar i kommunen.
-Dei 31 områdeleiarane gjer ein god jobb med å skaffa bøssebærarar i sine område, men nokre slit meir enn andre, seier Stine Sanden, leiar for Fjell Frivilligsentral, til nettavisa Tunnelsyn.no.
Størst er behovet i Straumeområdet. Her manglar dei framleis eit 40-tals frivillige, ifølgje Sanden.
Bur du på Vestsida, på Sekkingstad, Skålevik, Ulveset, Nordvik, Neset eller Ekren bør du og vurdera om du kan setja at eitpar timar og gjera ein innsats på søndag, oppfordrar Sanden.
Heile Øygarden
I Øygarden er vel 20 av totalt 50 bøssebærarar på plass. Henrik Angermund i Øygarden Frivilligsentral melder om stort behov for frivilliga frå nord til sør i kommunen.
Så langt råd er vil folk få gå i sitt eige nærområde, lovar innsamlingsleiaren i Øygarden.
-Yr melder om sol og finvêr på søndag, så dette kan verta ei fin oppleving til å helsa på naboane, lokkar Angermund.
Sund
I Sund er det FAU på skulane har ansvaret for å avtala med bøssebærarane. Så langt manglar Laila Klemetsaune som koordinerer innsamlingsaksjonen oversikt over kor mange frivillige som har meldt seg og korleis behovet kringom i kommunen framleis er.
Blimed.no
Dei som ønskjer å gjera ein innsats vert oppfordra til å gå inn på https://blimed.no og melda seg. Det går og an å kontakta frivilligsentralane.
Gjev 100.000
Øygarden kommune har alt gjeve 100.000 kroner til årets aksjon. Kommunen ligg dermed på ein 9. plass nasjonalt, med eit bidrag på 31 kroner og 10 øre per innbyggjar – førebels.
Sjølv om sjølve innsamlingsaksjonen først skjer til helga, kan du alt no gje ditt bidrag på blimed.no.
Her kan du og følgja med på gjevargleda. Status i Sund nærmar seg no sju kroner per innbyggjar. Fjellsokningane har når dette vert skrive i snitt gjeve kr. 4,57.
I fjor enda sluttsummen for innsamlingsaksjonen på vel 260 millionar kroner nasjonalt.