Stor stas då statsminister Erna Solberg vitja Brattholmen barneskule.

Det var bli-kjent-med-kvarandre-og-bygg-den-nye-kommunen-prosjektet «Elev i nye Øygarden» som var bakgrunnen for at statsministeren stakk innom Brattholmen skule i dag, ifølgje ei melding frå Fjell kommune.
Tiltaket er eit samarbeid mellom prosjektorganisasjonen Nye Øygarden kommune og skulesjefane/kommunalsjefane for skule/oppvekst i dei tre kommunane.
Konkurransar og venskap
Elevane i klasse 3b kappast med lærarane om å fortelja om konkurransane dei no deltek i og venskapsklassane dei har fått ved skular i dei andre kommunane. Dei ville gjerne fortelja statsministeren om favorittstadane sine i den nye kommunen.
I sjette klasse hadde dei spela inn video med trafikksikring som tema. Slik fekk statsministeren med seg at ho snarast bør gjera noko med trafikktryggleiken langs Arefjordvegen. Kjem det fortau og lys langs skulevegen, vil elevane kunna gå eller sykla, og foreldra slepp å køyra, fortel elevane i videoen.
Erna Solberg kvitterte med å seia at det var kjekt å sjå at det vert jobba med kommunesamanslåinga på denne måten.

Likte ikkje gym
Elevane nytta høvet til å be Erna fortelja om då ho sjølv gjekk på skulen.
Den unge Erna likte historie. Ho dreiv og med konkurransesymjing, men likte ikkje gym, fortalte ho.
– Eg hadde leseproblem, og av og til krølla bokstavane seg litt mykje. Og så maste eg mykje i timane. Difor fekk eg eit eige skilt med teksten: – Eg er eit masebrett, fortalde Solberg dei unge elevane, ifølgje heimesida til Fjell kommune.