Nye Vestland fylkeskommune lyser ut nærare 100 ledige jobbar innan samferdsel.

Frå nyttår av vert ansvaret for administrasjonen av fylkesvegane overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. Nye Vestland fylke overtek dermed ansvaret for 5.600 kilometer fylkesveg, ifølgje ei pressemedling frå Hordaland fylkeskommune.
Ein infrastruktur som skal planleggjast, byggjast, driftast og vedlikehaldast.
Til det trengs 300 årsverk, har fylkeskommunen rekna ut. Vel 200 stillingar er overført frå Statens vegvesen og frå fylkeskommunane.
Dei øvrige, totalt nærar 100 stillingar, vert lyste ut i desse dagar.
Stillingane vil favna eit breidt spenn av fagområde, som juristar, HR-rådgjevarar, byggeleiarar og vegplanleggarar.
Dei som vert tilsett kan rekna med å få heile Vestland som arbeidsfelt. Fysisk skal stillingane lokaliserast til Bergen, Stord, Odda, Voss, Førde eller Leikanger der den nye avdelinga for infrastruktur vil få hovudkontor.