Digitaliseringsminister Nikolai Astrup vil effektivisera det offentlege ved å tilretteleggja for deling av data på tvers av nivå og etatar.

Det det offentlege ikkje veit om deg er etterkvart veldig lite. Til no har dei enorme datamengdene vore lagra i ulike datasystem som i liten grad kommuniserer med kvarandre.
I framlegget til Statsbudsjett for 2020 legg Regjeringa opp til eit høgt tempo i den offentlege digitaliseringa. 700 millionar kroner vert føreslege sett av til nye digitaliseringstiltak som kan bidra til å gjera kvardagen einklare for folk flest, sa digitaliseringsminister Nikolai Astrup i samband med presentasjonen av hovudpunkta i framlegget i Bergen i dag.
Deling av data og samkøyring av offentlege registre på tvers av statlege og kommunale etatar har høg prioritering.
For å bistå dei som ønskjer å satsa har Regjeringa oppretta eit eige ressurssenter, fordelt på Direktorat for digitalisering, Difi og Altinn, og lokaliseret i henhalsvis Oslo, Leikanger og Brønnøysund.
Regjeringa føreslår samstunds å auka medfinansieringsordninga for etatar som ønskjer å satsa, med 60 millionar kroner, til oppunder 190 millionar kroner i 2020. Ordninga inneber at etatar som ønskjer å satsa kan få dekka halvparten av utviklingskostnadane.