Den norske hausten sine fantastiske råvarer fortenar godt følgje.

Lammekotelettar med filetrand og kantarellar er favorittmenyen til mange nordmenn i desse dagar. Eit måltid som krev godt følgje i glaset.
Ein godt modna Bordeaux vil høgna opplevinga av dei gode, norskproduserte råvarene. Chateau Simard 2000 er ein sjeldan kombinasjon av vellagra Bordeaux-vin til forbrukarvenleg pris.
Vinen kjem frå underdistriktet Saint-Emilion, og er laga på 80 prosent merlot og 20 prosent cabernet franc.
Den djupe mursteinsraude fargen røpar at vinen har fått godtgjera seg i kjellaren lenger enn det norske forbrukarar vanlegvis kan forventa seg på grunnlag av prisen.
Etter 19 år i kjellaren har vinen framleis preg av frukt, men utan påtrengjande tanninar. Aroma av mørke bær, sødme, med antyding til lakris, pepar og med ørlite tjøre i ettersmaken.
Fleire norske vintidsskrift rosa vinen opp i skyene då han først vart lansert på den norske marknaden i fjor vår.
Best av alt, Chateau Simard 2000 er framleis å finna i hyllene på dei fleste lokale vinmonopol.