Den største utfordringa med bygginga av Sotrasambandet vert ikkje å få bygd sjølve brua.

Å få tilkomst til anleggsområdet samstundes som trafikken på dagens samband skal gå mest mogeleg normalt, vert den største utfordringa for entrepenøren under bygginga av nytt Sotrasamband, kunne den nye prosjektleiaren for sambandet i Statens vegvesen, Arve Tjønn Rinde, orientera dei frammøtte på VNR sitt oktobermøte i dag.
Les: Her er den nye prosjektleiaren for Sotrasambandet

Statens vegvesen skal gjera kva dei kan for å sikra at utbyggjaren får rask tilkomst til dei ulike områda ettersom anleggsarbeidet skrid fram, mellom anna gjennom grunnerverv og ferdigstilling av kabelkanalane til høgpspentlinja.
-Publikum må rekna med ein del mellombelse endringar på vegnettet som følgje av anleggsarbeidet på Sotrasambandet, åtvara Rinde.
Men det får ikkje gå ut over framkomsten for trafikkantane på det eksisterande vegsystemet.
I OPS-kontrakten vil det og verta stilt krav om at den som vinn konkurransen om oppdraget på 10,5 milliardar kroner må ta omsyn til trafikkavviklinga på det noverande vegsystemet.

-Om ikkje trafikkavviklinga vert optimal i anleggsperioden, vil OPS-entrepenøren får trekk i betalinga, slår Rinde fast.
Arbeidet med å få på plass detaljane i OPS-kontrakten går sin gang. I dag ser det ut til at kontraktsutlysinga kan skje like etter jul, ifølgje Rinde.
Statens vegvesen vil så gjennomføra ein prekvalifiseringsrunde med potensielle tilbydarar. Tre av dei vil verta inviterte til ein samspelsrunde med vegvesenet for å verta sikre på at alle har ei felles forståing av prosjektet.
Anleggsstart kan tidlegast skje ved årsskiftet 2021 / 2022, prosjektleiaren.
One thought on “Må sikra trafikkavviklinga i anleggsperioden”