Utskifting av eksisterande lysarmatur langs fylkesvegane i Hordaland med LED-armatur vil kunna kutta fylkeskommunen si straumrekning med over 7,2 millionar kroner årleg.

Kring 16.200 lysarmaturar sørgjer for å lysa opp og gjera fylkesvegane i Hordaland tryggare å ferdast langs i mørke kveldar og netter.
Ved å halda følgje med det teknologiske generasjonsskiftet på veglysfronten vil Hordaland fylkeskommune kunna spara pengar både til straum og vedlikehald.
Ved å skifta ut samtlege av dagens armaturar med LED, vil det vera mogeleg å redusera straumrekninga med nærare 7,3 millionar kroner årleg, har fylkesrådmannen rekna ut, i følgje eit notat til fylkestinget denne veka.
Men gevinsten kjem langt frå gratis. Ein ny LED-armatur kostar 8.000 kroner. Å skifta ut samtlege av dagens armaturar med LED vil krevja ei investering på 129,6 millionar kroner.
Om fylkeskommunen i staden skal satsa på innkjøp av 2. generasjons smarte LED-armaturar med styringsautomatikk som skrur av straumen i dagslys, eller når nokon bevegar seg i eit område, vert innsparinga større, men det vert investeringsbehovet også.
Les: Infrastruktur for førarlause bilar
Redusert behov for vedlikehald, med lengre intervall mellom kvart vedlikehald, vil vera ein annan fordel med LED, ifølgje fylkesrådmannen. Han ser for seg at det kan vera realistisk å gjennomføra ei fullstendig utskifting over ti år.
Ei slik utskifting må avtalast og samordnast med dei lokale kraftlaga.