Tre milliardærar – og ei kvinne

Med ein formue på 1,75 milliardar kroner er Peder O. Lie den 179 rikaste mannen i Norge. I Fjell er han utan samanlikning, i følgje Kapital.

Kapital har funne plass til fire fjellsokningar på årets oversikt over dei 400 rikaste i landet.Tre av fjellsokningane passerer den magiske grensa på ein milliard kroner i formue dette året, ifølgje Kapital.

Peder O. Lie er den som kjem aller best ut, med ein formue på 1,75 milliardar kroner. Han var ikkje inne på lista i fjor, men i 2016 var han god for 800 millionar kroner.

Auka formuen vesentleg siste året har også Magne Roar Sangolt gjort. Den tidlegare medarbeidaren til Trond Mohn har no verdiar for 1,35 milliardar kroner, 200 millionar meir enn året før, i følgje Kapital.

Passerte milliarden gjorde også Atle Ulveseth. Han auka formuen med 175 millionar, og er no god for 1,1 milliardar kroner.

Einaste kvinna i det rike selskapet er Cissel Algrøy Møgster. Tøffe tider innan offshore, og særleg i DOF ASA gjer store kutt familien sin formue. Finansbladet verdset Cissel Algrøy Møgster sin formue til 800 millionar kroner, 150 millionar mindre enn i fjor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.