Naturen sitt spiskammers bugnar om dagen. Og vi menneskjer er ikkje dei einaste tobeinte som nyt godt av overfloden.

Helding du som har ein kristtorn i hagen, fekk eg høyra for ikkje lenge sidan. Ho som sa det kasta lange blikk på greiner som var dekka med svakt raudnande bær. Truleg hadde ho julepynten i tankane.
Kvart år gjentek det same seg. Bæra raudnar meir og meir for kvar dag ettersom det lid ut i september.
Ved månadskiftet minnar kristtornbusken mest av alt om ein forvaksen juledekorasjon i raudt og grønt. Ei sann fryd for auga når eg løftar blikket frå tastaturet.
Hageeigaren si glede, staren sin fest. Dei fullmodne bæra er signalet. Dei svarte, tobeinte kallar inn heile den utvida storfamilien for å fråtsa i dette naturen sitt overflødighetshorn.
To – tre dagar, og busken står ribba tilbake, grøn. Det forspiste fuglekreket kikkar på meg med uskuldige auge: Var det bær her, sa du?