
Talet på melde tilfelle av vald og mishandling er svakt aukande i kommunane vest for Bergen.
Konsekvensane av å bli utsett for vald er store. Vald er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.
273 innbyggjarar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy vart i fjor utsett for så alvorleg vald eller mishandling at dei valde å melda det, kjem det fram av Folkehelseinstituttet sin kommunestatistikk.
Det er sju fleire tilfelle enn for fem år sidan.
Flest melde tilfelle var det i Fjell, 128. I Askøy vart det meld 125 tilfeller av vald og mishandling. Både i Fjell og Askøy er talet på melde tilfelle svakt aukande.
I Sund har talet på årlege tilfelle lagt kring 25 siste åra. I Øygarden varierer tala mellom 14 (2013) og 27 (2015).
Underrapportering?
Kunnskap om vald, og omfanget av vald er viktig, og noko kommunane bør ta høgde for å folkehelsearbeidet, rår fylkesmannen til.
-Kommunane må ta høgde for at eit ukjent tal valdslovbrot aldri vert registrert, og at seksuallovbrot ikkje er inkludert i statistikken, ifølgje Fylkesmannen.
I Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er talet på melde tilfelle av vald og mishandling vesentleg lågare enn i resten av landet.
Nær ein tredel av innbyggjarane i Norge har på eit eller anna tidspunkt i livet blitt utsett for alvorleg val, ifølgje Folkehelseinstituttet. Menn er noko meir utsett enn kvinner, skal vi tru statistikken til Folkehelseinstituttet.