«Feriekolonien» på Brattholmen skal seljast

«Pjoltertårn», 30 rom med stor takhøgde, badehus i sjøkanten og bauta i hagen er berre noko av det som ventar kjøparen av den historiske sveitservillaen i sjøkanten på Brattholmen.

I sjøkanten: Bustadhus i tre etasjar, sjøhus, kjeglebane, uthus, badehus, dampskipsbryggje og flytebryggje. Til saman over 900 kvadratmeter bruksareal på vel fire mål tomt.

Med ei grunnflate på oppunder 200 kvadratmeter og tre etasjar er den raudmåla sveitservillaen med alle dei kvitmåla drakeutskjæringane og «pjoltertårnet» frå 1891 ikkje akkurat nokon vanleg familiebustad. Nettavisa Tunnelsyn.no har fått ei omvising saman med eigaren Ronny Stensnes.

Handelsstaden på Brattholmen skriv seg tilbake til tidleg på 1700-talet. Denne bautaen med påskrifta 1802, er det ingen lenger som veit kva minnar om.

Handelsstad
Historia sit i veggane. Bygd av kjøpmannsfamilien Juuhl, starta huset tilværet som handelstad og med butikk, brennevinsutsal og dampskipsekspedisjon i kjellaren. Den tidlegare dampskipsbryggja helsar framleis velkomen til gjestar som kjem sjøvegen.

Etter at Bergen kommune kjøpte eigedomen tidleg i førre hundreåret har huset vore mellom anna skule for foreldrelause jenter, bustad for tyske soldatar, feriekoloni for bergenske tjuagutar og skule for amerikanske ungar.

Etter at Stensnesfamilien kjøpte eigedomen i 1982 har dei mellom anna drive fysioterapipraksis og ballettskule i den tidlegare kjeglebanen.

Noverande eigar Ronny Stensnes får stadig besøk av personar som har minner frå huset.

Mykje av sommaren på Brattholmen vert tilbragt ute på den opne verandaen ut mot sjøen, fortel Ronny Stensnes.

Høg kulturminneverdi
Eigedomen er spesiell på mange måtar. Den ærverdige sveitservillaen på Brattholmen er truleg eitt av få attverande eksemplar av dei aller tidlegaste ferdighusa om vart laga her til lands, seier Stensnes.

Då elektrisiteten kom til Norge utpå 1850-talet, gav det grunnlag for heile tre fabrikkar som spesialiserte seg på produksjon av byggjesett til sveitservillaer.

Dei mange utskjæringane og den raske gjenoppbygginga etter brannen i 1890 er argument for at heile huset ikkje vart bygd på Brattholmen, tenkjer eigaren.

I den ferske kulturminneplanen for Fjell vert eigedomen karakterisert med «svært høg kulturminneverdi». Bygga er ikkje freda, men potensielle kjøparar må rekna med å måtta forhalda seg til den noverande bygningsmassen.

Restaureringa er gjort med sans for å ivareta dei historiske detaljane.

Plass til storfamilien
Stensnesfamilien har gjennomført omfattande restaureringsarbeid i dei snart 40 åra dei har eigd staden. For å få plass til den utvida storfamilien med foreldre og svigermor bygde dei om huset til tre bustadeiningar, med eigne kjøken og bad, men felles inngang. Til saman er det 30 små og store rom i huset, har ungane rekna ut.

Restaureringa er gjort med omhu, i samråd med arkitekt og interiørarkitekt, samstundes som moderne krav til branntryggleik og rømingsvegar er ivareteke.

Ytterkledninga og vindaugene er originale. Tak og veggar er etterisolerte. Oppvarminga skjer med varmepumper.  Tre eldstadar syt for god varme på ekstra kalde dagar.

Drakestilen var typisk norsk, og pregar utskjæringane på sveitservillaen.

Vemod
Tanken på å selja er vemodig, men etter 37 år har Ronny Stensnes innsett at hans epoke er over:
-Det er ein fantastisk stad å bu, men eigedomen krev sin mann når det gjeld vedlikehald, eventuelt ei velfylt lommebok, konstaterer 73-åringen.

Rykta går
Rykta om det føreståande salet har alt gått ei tid. Sveitservillaen på kaien på Brattholmen har vore eit landemerke gjennom mange generasjonar. Sjølv om utlysinga enno ikkje er offisiell, har meklar Dag Erik Fotland i Eiendomsmegler1 alt fått fleire telefonar frå interesserte.

Utolmodige kjøparar må likevel venta og smørja seg med tolmod enno ei tid: Før salet kan gjennomførast planlegg Stensnes å skilja ut ein tomt i bakkant av eigedomen, slik at han kan få byggja seg ein meir lettstelt bustad.

Når det er i orden, vil kjøparen få overta ein tomt på vel fire mål, med sjøhus, uthus, kjeglebane, badehus og flytebryggje. Samla bruksareal utgjer godt over 900 kvadratmeter.

Dei som googlar feriekolonien på Brattholmen vil raskt oppdaga at Stensnes også for ti år sidan planla å selja den ærverdige sveitservillaen. Den gongen var planane stoppa av eit samlivsbrot, og så var det ein reguleringsplan som måtte verta vedteken, forklarar han.

-Denne gongen er det alvor, forsikrar Stensnes.

Unik eigedom
Plasseringa i sjøkanten, storleiken på bustaden og på tomten, sjøhuset og den øvrige bygningsmassen – alt medverkar til å gjera dette til ein unik eigedom som er vanskeleg å taksera, ifølgje Fotland.

-Det finst ingen referansar, hevdar seljaren. Sjølv forventar han å sitja at med eit tosifra tal millionar etter at kjøpekontrakten er underteikna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.