Eindel av bygga i Øygarden som vart reist på 1980-talet har etterkvart eit stort behov for vedlikehald.

I eit notat til kommunestyret i Øygarden i dag foreslo ordførar Børge Haugetun å løyva inntil fire millionar til påkravd vedlikehald på kommunale bygg dette året.
Mellom dei vedlikehaldstiltaka som bør gjennomførast medan Øygarden framleis er eigen kommune, er oppgardering av garderobeanlegga ved Toftøy skule, skifta tak på eldresenteret på Rong og oppgradera ventilasjonsanlegget på sjukeheimen.
Kommunestyret tok notatet til etterretning. Formannskapet fekk fullmakt til å vedta dei einskilde prosjekta utover hausten. Tiltaka skal finansierast over disposisjonsfondet.