Bokbåten Epos er eit eineståande tilbod på Vestlandet for å bringa bøker ut til leseglade i alle aldrar, busette litt utanfor dei store tettstadane.

I år er det 60 år sidan det flytande biblioteket såg dagens lys, ifølgje ei pressemelding frå Hordland fylkeskommune.
Denne hausten vil bokbåten vitja vårt område 18. – 20. november. Forlangsvågen, Skogsvåg og Glesvær står på siglingsruta første dagen. Den 19. vil båten liggja fortøyd i Spildepollen heile føremiddagen. Tveitevåg og Hanøytangen vil få besøk den 20. november.
Alle stadane vil Sindre Sortland underhalda om skummel musikk. Eit program som passar for ungar frå 5 år og oppover.
Tilpassa
Tenesta er gjennom åra tilpassa endringar i busetjing, infra- og folkebibliotekstruktur. Båten førtøyer no på småstader der det ikkje finst noko etablert bibliotek, eller der det er skular utan eit tilfredsstillande bibliotektilbod.
Men bokbåten er ikkje berre bøker. Kulturprogrammet bidreg til å auka interessa.
Denne hausten vil over 50 stader i 21 kommunar få besøk av bokbåten. Nærare 5.000 personar vil ta turen innom i løpet av turen. Eit utlån på oppunder 10.000 bøker vitnar om at tenesta framleis er populær.